MENY

Tveit Camping

Campingplass og hytter

Vangsnesvegen 670, 6894 Vangsnes

Tveit Camping ligg mellom Riksveg 13 og Sognefjorden, 3,5 km. vest for Vangsnes fergeplass. Plassen har 300m strandlinje. Alle plassar og hytter har utsikt til fjorden. Vi har småbåthavn – båtutleige for småbåter – fiskebrygge – turstiar til fjells. 20 min. biltur til Vikafjellet (med sidevegar og turstiar).
15 min. biltur til stavkyrkje og steinkyrkje frå år 1130. Dagsturar til Gudvangen og Nærøyfjord (UNESCO liste) , Flåm og Flåmbana. Ekspressbåt til Bergen sentrum. Båttur til Fjærland buss til Jostedalsbreen. Båttur til Balestrand med akvarium-reiselivsmuseum-turisthotell-kunst & kultur.
Båttur 1/2 dagstur langs sognefjorden til Finnabotn. Vik sentrum, kunst og kultur. Naturperler finn De også ved ein biltur til Arnafjord, Feios og Fresvik.
Kartkopiar får de låne eller kjøpe i resepsjonen.

Plassen har ca. 40 vogn/telt plassar. Dei fleste med straum og tilgang internett. 5 einroms hytter med 4 køyesenger med madrasser-kokeplate-varmeovn-varmt & kaldt vatn-kjøleskap. Sengetøy må medbringast. 5 toromshytter med dusj/wc, soverom med dobbelseng, opphaldsrom med sovesofa. Dyner og puter til 4 pers. Sengetøy må medbringast (Eingangsett kan kjøpast). Kjøkken med utstyr for 4 pers. Alle med TV og internett.


Epost: post@tveitcamping.no
Finn meir: tveitcamping.no/
Telefon: 91141879
Lat att