MENY

Solvang Ferietun

Hytter og motell på Vangsnes

Bygdavegen 226, 6894 Vangsnes

Solvang Ferietun ligg ved Sognefjorden, rett ved Vangsnes ferjekai, 10 km. frå Vik sentrum. Her er det flott utsikt mot fjorden og fjella i kring samt opp til Fridtjov-statuen som ruvar over Vangsnes.

Her tilbyr vi overnatting i motell og hytter. Vi har ein liten kiosk med sal av kioskvarer, kaffi, te og kald drikke. V i har kostnadsfri Wifi og parkering.

Alle rom har eigen balkong eller uteplass der ein kan nyta fine sommardagar og –kveldar. På romma er det kjøkkenkrok med kokeplate og enkelt kjøkkenutstyr, sittegruppe, kjøleskap og kaffitraktar og/eller vasskokar. Nokre av romma har eige bad. Romma har ulik storleik og tal sengeplassar varierar frå 4 til 6 per rom.

I underetasjen på motellet er det felles garderobar, toallett og dusjar for dei som ikkje har eige bad på romma. Her finn ein også eit kombinert vaskerom og kjøkken til bruk for gjestar. Ekstra vaskeutstyr til romma er også tilgjengelig her.

Om sommaren kan ein ta ein dukkert i symjebassenget. Dette er inkludert for buande gjestar, ikkje-buande gjestar er velkomne til å løysa billett og nytta bassenget. Bassenget held mellom 17 og 22 grader – dette er sola med på å avgjere.

Fiske og fotturar kan nytast i omgivnadane og er lett tilgjengeleg frå Solvang Ferietun

Ferja går frå Vangsnes til Hella og Dragsvik. Du kan køyre til Jostedalsbreen på 1 time, Bergen på 3 timar, Flåm på 2 timar og Voss på 1,5 timar. Elles er det mange flotte dagsturar tilgjengelig i nærleiken og aktivitetar og opplevingar for store og små – både på land og på fjorden – innanfor korte avstandar frå Vangsnes. Vi er meir enn gjerne behjelpelige med å komme med forslag, tips, råd og bestilling av billettar/turar for dykkar ferien i Sogn.


Telefon: 94975150
Lat att