MENY

Bringebærkake-smaking

Besøk av Lukasz Mojkowski, finalist i Bakemesterskapet 2024

Tidspunkt: 10. august 2024, 16:15

I år gjer me ein vri på temaet bringebærkaker:

Me får besøk av Lukasz Mojkowski, finalist i Bakemesterskapet 2024 på NRK, der han imponerte med fantastiske kaker, pynta til perfeksjon. Kakemonsen-redaktør og kakekonkurransehovuddommar Oddny Ringheim intervjuar han om korleis han brukar bringebær i kakene sine og kva som er ideen bak kakene han presenterer på Bringebærfestivalen. Etterpå får me smaka nokre av hans meisterverk og det vert høve til å slå av ein prat med han.

Kanskje kan han gje nyttige tips for dei som vurderer å melda seg på seinare konkurransar?

Pris pr. person: 75,- for kaffi og kaker.



Ekstern: kakemonsen.no
Lat att