MENY

Rått, Vått og Røft

Årets kuuulaste konkurranse

Tidspunkt: 12. august 2023, 12:30

Me arrangerer for 4. gong Rått, Vått og Røft, ein lagkonkurranse som hovudsakleg er i vatnet, og finn stad på Vikøyri i strandområdet ved strandpromenaden og stupetårnet.

Me utfordrar lag, bedrifter, familiar og vennegjengar til å stille lag, til ein uhøgtideleg konkurranse i vatnet. Høver for personar i alle aldrar, f.o.m. 12 år. Einaste krav er at ein er symjedyktig.

Sogn Sparebank har sett opp vandrepokal, som blir til odel og eige for det laget som oppnår 3 napp i pokalen. Sognabær har allereie vunne første pokalen. Dermed startar me på nytt. Kan nokon stoppe dei frå å få napp nr 4, eller klarar nokon å stoppa seiersrekkja deira?

Saml saman 5 personar og meld dykk på innan fredag 11 august, dette blir gøy :)

Det blir caps til alle deltakarar i tillegg til premie til beste lag.

For påmelding eller informasjon, kontakt: Geir Johansen via epost eller telefon: 922 62 427.


For påmelding eller informasjon, kontakt: Geir Johansen via epost: geir@sylvringen.no
Lat att