Kanskje går de med gifteplanar?
Eller ynskjer du å bli døypt eller døypa eit born?
10.august kan de berre droppe innom hjå presten i Vik kyrkje
Drop in-vigsel
Kvifor velja drop-in-bryllaup?
Tenkar de at bryllaup i kyrkja må vera stort med mange gjester, kvit kjole og stort budsjett? Det må ikkje vera slik! Eit bryllaup er ei stor feiring av kjærleiken uansett rammar.
På bryllaupsdagen dykkar settast ekteskapet dykkar inn i ein større samanheng. Vi vil be for dykk, ekteskapet og framtida dykkar. Kyrkjerommet, musikken og tekstane som vert lesne gjev høgtidelege rammar for ekteskapsinngåinga
Kva treng dykk for å gifte dykk i kyrkja 10.august?
Ikkje noko meir enn gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten. Ta med tre(3) eksemplara til kyrkja. Forlovarar må fylle ut forlovarerklæring på førehand, men treng ikkje vere til stades i kyrkja. Om ikkje de har med dykk nokon som kan vere vitnar på bryllaupsdagen, stiller kyrkja med nokon.
Kyrkja tek òg imot par som ynskjer forbøn for borgarlege inngådde ekteskap denne laurdagen.
Drop in-dåp
Vi held ein enkel dåpsseremoni for dei som ynskjer å døypa seg. Vi tek imot menneske i alle aldra til dåp.
Dåpsbarnet/-kandidaten kan ha so mange fadrar dykk ein ynskjer. To(2) av dei må vere til stades ved dåpen. Kyrkja kan stille fadrar om de ynskjer det.
Ha med fødselsnummer på den som skal døypast. Dåpsattesten vert ettersendt.
Kyrkja ordnar feiringa
Vi serverar kake, kaffi og (alkoholfrie) boblar til brudefylgjene og dåpsfylgjene etter seremoniane.
Om de skulle ynskje å gjera ein avtale for 10.august eller har spørsmål ta kontakt med sokneprest Karen Helene Bøhn Melhus tlf 46 88 99 80 eller epost