MENY

Refsdal Kraftstasjon

Refsdal Kraftstasjon 1913 open for publikum

Tidspunkt: 11. august 2024, 13:00

Kraftstasjonen i Refsdal frå 1913 er restaurert som kulturminne og er open for publikum søndag frå kl. 13 til kl. 17 under Bringebærfestivalen. Det gratis inngang, men legg gjerne att nokre kroner i bøsse ved inngangen. Inne i stasjonsbygningen kan du sjå det originale maskineriet frå 1913 og mange gjenstandar med tilknyting til kraftproduksjon, bilete frå restaureringa og andre illustrasjonar. Uteanlegget som består av inntaksdam, deler av den opphavelege røyrgata og avlaupskanalen er lett tilgjengeleg i kort avstand frå bygningen. Difor kan ein her raskt få god oversikt over korleis det heile fungerer. Det er ikkje like lett i moderne kraftverk der mykje av anlegga er skjult og ikkje tilgjengeleg. Nytt difor høvet og ta ein tur til Refsdal desse dagane.

Utanom festivalen kan du besøkja anlegget gratis på eiga hand. Du kan låna nøkkel på Turistinformasjonen eller på Blix hotell. Vil du ha med gaid vil dette kosta noko avhengig av tal personar og transport. Ta kontakt med Turistinformasjonen på Kristianhus for tilbod eller telefon 911 30 843, eller nytt epost.


For påmelding eller informasjon, kontakt: Sylvringe via epost: post@sylvringen.no
Lat att